Innhaldsrikt 17. mai-program på Hovden
Programmet for feiringa av nasjonaldagen øvst i Setesdal er klart - og ein innhaldsrik dag ventar store og små!
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 29.04.2025 10:00
Sist endra 29.04.2025 10:00
Frå 17. mai-feiring i Bykle i fjor. I år er feiringa på Hovden.Det går buss frå Bykle samfunnshus til Hovden klokka 10.15, med retur klokka 16. Folketoget stiller opp framom Hovdetun klokka 11, med avgang eit kvarter seinare. 11.30 opnar kaféen i Hovden grendehus.
Leik og moro
Framom grendehuset blir det rigga til leikar av så mange slag med start klokka 11.45. Det er gudsteneste i Fjellgardane kyrkje klokka 12, og sjølve kulturprogrammet i kinosalen tar til klokka 14.30. Der skal mellom anna Bykle kommune sin kulturpris delast ut. Mykje kjent og kjært som del av 17. mai-feiringa altså - og ein dag som inneheld noko for dei aller fleste!