TV-aksjonskomiteen i Bykle. Framme frå venstre: Merete Egeland(Bykle Frivilligsentral, koordinator TV-aksjon), Randi Steinsholt og Thor Thorstensen. Bak frå venstre: Leif Berglund, Laila Johnsen Kjær, Thor Bernhard Sagland og Bente Jorunn Trydal. Signe Lillemo Mundal var ikkje til stades då biletet vart teke.Komiteen har alt lenge site saman og planlagt det alle håpar skal bli ein “all time high” i TV-aksjonssamanheng i Bykle. Med resultata i Bykle frå tidlegare år er det eit hårete mål, men med noko så viktig som Barnekreftforeningen som mottakar av midlane, er det ikkje rart at alle gode krefter samlar seg til eit krafttak!
– Me merker velvilje, og me merker pågangsmot. No skal me mobilisere bygdene, skulane, folk flest og ikkje minst det lokale næringslivet, seier leiar i komiteen, Thor Bernhard Sagland.
Tur til Hovdenut
Opplegget tar til med felles TV-aksjonstur til Hovdenut sundag 13. oktober. Med oppmøte ved Fjellgardane kapell og avgang klokka 12 blir det med borna i front og dei yngste som ein raud tråd gjennom det heile!
– På toppen blir det bollar og kakao, apell frå ordførar Hans Blattmann og frå ein representant frå fylkesaksjonskomiteen, seier Sagland.
Skulane med
Onsdag 16. oktober er det skulane sin tur. Då er det klart for det tradisjonelle skuleløpet i Bykle. Der skal dei yngste elevane selje vaflar.
Middagssal torsdag
Torsdag blir det skipa til ein stor aktivitetsdag på Hovden med fotballturnering, leik i gymsalen for dei yngste, og mykje moro.
– Det blir sal av varm mat frå 16.30-17.30, så kvifor ikkje legge middagen til det arrangementet den dagen? Me har sett ein minimumspris per person på 50 kr., men folk må sjølvsagt så gjerne få gje meir! Det lokale barnekoret skal ha innslag, og det blir apellar, seier komiteleiaren.
Aksjonskomiteen skal også mobilisere det lokale næringslivet.
– Me har eit så sterkt ynskje om å levere eit godt resultat i Bykle kommune! Det betyr at alle gode krefter må bidra. Næringslivet er sjølvsagt viktig, seier Sagland.
Bøsser og digital innsamling
Klokka 12 sjølve TV-aksjonsdagen 20. oktober går kring 40 bøsseberarar ut i Bykle kommune. Ein kan også støtte aksjonen digitalt.
Vipps-nr til TV-aksjonen er: 2133
Kontonummer til TV-aksjonen er: 83800809005
– No vil eg bare oppmode alle om å hjelpe til, så me kan gje Barnekreftforeningen og det viktige arbeidet dei gjer all vår støtte, seier Thor Bernhard Sagland.
