Innhaldsrik haust på SFO i Bykle!

Med alt frå ridning til symjing har borna i SFO i Bykle hatt ein innhaldsrik haust fram mot vinter og jolehøgtid.

Alle foto: Brigitte Haugen

Bileta i denne artikkelen viser bare eit glimt av alt det spennande podane har fått prøve seg på! Så blir det vidare med friske aktivitetar fram mot jol - både med tumling ute men også innomhus. 

Frå hest til munnharpe!

Borna deltok på hesteaktivitetar i Fjellgardshallen, dei har vore masse i bassenget, og hatt turar med lappesteiking på bål. Bedriftsbesøka er i gang – borna har vore i fjøset til Tollak og Såvi hjå Sigmund og Petra Trydal i Trydal, og i smia til Folke Nesland, der dei fekk høyre gode historier og flott munnharpespel.