Informasjonsmøte om Skattefunn og Innovasjon Norge for lokalt næringsliv i Bykle og Valle
Næringsavdelinga i Bykle kommune skipar måndag 11. november til informasjonsmøte om Skattefunn og Innovasjon Norge sine roller og støtteordningar for lokalt næringsliv i kommunen.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 05.11.2024 13:41
Sist endra 08.11.2024 13:59
Både gründarar og etablerte verksemder er målgruppe for møtet som blir skipa til på Bykle hotell frå klokka 09-13. Det kostar ingenting å delta, og det er også gratis lunch som del av samankomsten.
Vekst og utvikling
– Skattefunn er ei rettigheitsordning som i dag ikkje blir nytta av verksemder i Bykle. Innovasjon Norge har meir enn finansielle støtteordningar. Det er snakk om å bistå ovanfor gründarar og verksemder som har vekst- og utviklingsplanar. Pågang næringshage har ei rådgjevingsteneste og kan bidra meir aktivt i prosjektutviklingsprosessar, så dette bør vere relevant for mange, seier næringsrådgjevar i Bykle kommune, Bjørn Otto Eliassen.
Han legg til at møtet også er ope for verksemder og gründarar i Valle kommune.
Kan få samtale med aktørane
Innleiinga av møtet blir med ordførar Hans Blattmann og varaordførar Mertehe Hjemdahl, og næringsavdelinga i kommunen, før May-Lill Skjeggedal i Pågang Næringshage avrundar innlegga. Ellen Kristin Saltermark i Innovasjon Norge kjem så med eit innslag før det er mingling og individuell prat og møtet blir avslutta med ein matbit
– For den som ynskjer ein samtale med ein eller fleire av aktørane så er det greitt å få vite det på førehand, så me kan sy saman eit greitt opplegg. No håpar eg mange vil vere med på møtet, seier Eliassen.
HER kan ein melde seg på.