Informasjonsmøte om flyktningar, arbeid og inkludering i Valle
Flyktningetenesta i Valle kommune skipar til informasjonsmøte med fokus på arbeid og integrering i Sæbyggjen i Valle sentrum torsdag 25. september klokka 17-20. Både Valle og Bykle kommune deltek.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 16.09.2025 12:51
Sist endra 16.09.2025 12:51

Arbeidsgjevarar, flyktningar og andre aktørar er invitert. Programmet inneheld innlegg frå NAV, representantar for kommunane Valle og Bykle, arbeidsgjevarar og ikkje minst flyktningar som vil dele av sine røynsler.
– Dette er eit godt høve til å møtast, byggje nettverk og styrke integrering, inkludering og deltaking i arbeidslivet i lokalsamfunnet, seier flyktningekonsulent i Valle kommune, Birgit Homme Harstad.
Det er påmelding innan 19. september på epost HER