I kveld tar foreldefestivalen i Valle til!

Måndag 16. september klokka 18 tar foreldrefestivalen i regi av Valle kommune til i soknehuset på Rysstad. Ei innhaldsrik veke ventar foreldre frå Bykle, Valle og Bygland.

Festivalen går altså føre seg i soknehuset på Rysstad, alle dagar frå klokka 18. Måndag 16. september er temaet mobbing og inkludering. Då kjem Ingrid Lund frå universitetet i Agder, og det blir rom for drøftingar og innspel.

Born og grenser

Dagen etter er temaet born og grenser, med Hans Holter Solhjell frå organisasjonen Foreldrekompetanse i spissen. Onsdagen skal ein drøfte korleis ein kan byggje laget rundt barnet, med undertittel små handlingar, store skilnader, med Siri Abrahamsen frå Gleding i front.