I dag går fristen ut for å søke om jolehjelp!
Bykle kommune har innført ei jolehjelp-ordning, og søknadsfristen går ut i dag torsdag 20. november.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 20.11.2025 09:34
Sist endra 20.11.2025 09:34

Hushaldningar med låg inntekt, det vil seie opp til fem G, kan søke om 2000 kr. i stønad frå kommunen. Ein søker via NAV, og det er lurt å vere tidleg ute så ein får pengane i god tid før jol. Alle søknader må vere inne innan 20. november.
To kategoriar
Det er to kategoriar søknader. Dei som alt har søkt NAV om økonomisk sosialhjelp og fått innvilga det i november, vil få utbetalt 2000 kr. ekstra utan å søke særkilt om det. Skal ein søke økonomisk sosialhjelp no, skriv inn “Jolehjelp Bykle 2025” i tillegg til andre behov ein måtte ha, og fyll elles ut heile søknaden. Det digitale søknadsskjemaet finn ein HER
Det same søknadsskjemaet nyttar ein viss ein bare skal søke om jolehjelp frå Bykle kommune. I feltet “kva søker du om” treng ein bare å skrive “Jolehjelp Bykle 2025”. Dei andre boksane kan stå tome. Ved spørsmål og eventuell hjelp til å levere søknaden kan ein vende seg til NAV-kontoret i Bykle, eller til Brynje-prosjektet ved Vidar Mortensen - tlf 92416961.
Jolehjelpa gjeld ikkje studentar rundt om som høyrer til i Bykle kommune. Dei har eigne støtteordningar gjennom kommunalt stipend.