I dag 12. mai er Nynorskdagen!
Den 12. mai 1885 vedtok Stortinget å jamstille landsmål (seinare nynorsk) med dansk (seinare bokmål) gjennom «jamstillingsvedtaket». 139 år seinare er nynorsk eit nasjonalt språk som alle lærer i skulen.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 12.05.2025 12:19
Sist endra 12.05.2025 12:19

I dag nyttar 87 av i alt 357 kommunar i Noreg nynorsk som skriftspråk.
– Ein reknar med at kring 600.000 menneske i Noreg har nynorsk som hovudmål. Viss ein reknar med dei som nyttar nynorsk av og til blir sjølvsagt talet høgare, seier Erik Grov i Noregs Mållag.
– Viktig del av identiteten
Bykle-ordførar Hans Blattmann ser på Nynorskdagen som ei symbolsk, men viktig markering.
– Bykle er ein nynorskkommune, og det er eit ansvar me tar på alvor. I så måte er ein nasjonal nynorskdag ei fin markering av at me faktisk har to skriftspråk i Noreg, seier han.