I år er 17. mai-feiringa i Bykle samfunnshus

Eit tettpakka program ventar alle som skal feire nasjonaldagen øvst i Setesdal. I år er det i samfunnshuset i Bykle det går føre seg.

I år er det i Bykle samfunnshus 17. mai blir feira. Her frå toget i 2018. - Klikk for stort bileteI år er det i Bykle samfunnshus 17. mai blir feira. Her frå toget i 2018.

Det er sett opp buss frå Hovden rutebilstasjon klokka 10.15 for dei som treng skyss. Same tid som bussen går frå Hovden til Bykle går det også bilkortesje nedover. Odd Breivegen leier det motoriserte fylgjet. Den som vil vere med møter opp ved rutebilstasjonen, og pynt gjerne bilen! Ved samfunnshuset er det oppstilling til 17.mai-tog klokka 11, toget går 11.15. Etter marsjen blir det leiking i skulegarden og matsal i samfunnshuset frå klokka 11.45. 

Kulturprogram

Klokka 12.30 er det kulturprogram på heimen i Bykle med Bykle songlag og ikkje minst ordførar Hans Blattmann. I festsalen i samfunnshuset brakar det laus med eit innhaldsrikt festprogram frå klokka 14.30. Bussen tilbake til Hovden går frå samfunnshuset klokka 15.45.