HV-øving i landsdelen 1.- 9. april
Frå 1.- 9. april skal Heimevernsdistrikt 08 gjennomføre si største militærøving for året her i landsdelen. Alle HV-områda i distriktet skal trene samstundes.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 19.03.2025 09:47
Sist endra 28.03.2025 09:02
Theodor Eilertsen/Forsvaret
Soldatar skal trene i fem dagar, medan spesialistar og befal skal halde på i sju dagar. Det betyr at treningsmengda no blir auka samanlikna med dei siste åra. Øvinga, med namnet “Jøssing”, er koordinert med politiet.
Militær trafikk
Det kjem til å vere ein del militær trafikk på enkelte vegar under øvinga, og bruk av lausammunisjon og ljosrakettar medfører noko støy døgeret rundt. Så er det altså likevel ingen grunn til uro - det er bare Heimevernet som øver seg på alle oppgåvene dei har den dagen det verkeleg skulle gjelde.