Hugs vegstenging ved Kvervesjå bru i kveld!

I samband med eit større lyfteoppdrag blir riksveg 9 ved Kvervesjå bru på grensa mellom Hovden og Vinje stengt nokre timar i kveld onsdag 10. september.

Det er frå klokka 21 til klokka 24 at vegen blir stengt. Det blir plassert ut trafikkvaktar ved vegbommen på Hovden, ved Tallaksbru på Haukeli og på begge sider av stengingspunktet.

For meir informasjon kan ein ringe VTS på nr. 175.