Eit sterkt lag står klart til å ta imot dei som kjem.
– Tema blir mellom anna gunstige ordningar som kan vere aktuelle for å utløyse vekst og lønsemd, som kan vere nyttige i høve å utvikle nye idear eller starte med nye produkt, seier fungerande næringssjef i Bykle kommune, Signe Sollien Haugå.
– Næringsarbeidet er viktig for Bykle kommune, fordi det er viktig for det lokale næringslivet. Me ynskjer å vere frampå og tilretteleggjarar, og det er flott at næringsdagen femner også Valle kommune, seier kommunedirektør i Bykle, Karina Sloth.
Innovasjon Norge
Frå Innovasjon Norge kjem Ellen Saltermark, Pågang næringshage stiller med May-Lill Skjeggedal og ikkje minst Tor Borgar Hansen kjem frå Skattefunn i regi av Forskingsrådet. Møtet er frå klokka 9-13, det er gratis, og lunch er inkludert.
Kan få med bare litt av møtet
For den som vil vere med, men ikkje kan få med seg heile møtet, er det råd å kome og vere med så lenge ein kan. Ynskjer ein seg heller bare ein prat med ein eller fleire av aktørane, er det også råd. Den som ikkje har meldt seg på, bør gjere det før helga!
HER kan ein melde seg på næringsmøtet!