Hugs namn og adresse i e-postar til Bykle kommune!

Folk som sender inn e-post til Bykle kommune, og ynskjer svar, må hugse å skrive namn og adresse i e-posten.

Mette Gjerden i Bykle kommune minner om at ein må ha med namn og adresse i e-postar ein sender inn til kommunen. - Klikk for stort bileteMette Gjerden i Bykle kommune minner om at ein må ha med namn og adresse i e-postar ein sender inn til kommunen. Ole Birger Lien

– Viss ikkje blir det utfordringar med tanke på arkivering, og ikkje minst med tanke på svar ut. Me får store problem med å finne att relevante dokument, seier arkivleiar i Bykle kommune, Mette Gjerden.

Blir lagra på namn

Alt som kjem inn blir lagra mellom anna på namn og adresse. Då seier det seg sjølv at det er viktig å ha dei opplysningane med i det ein sender inn.

– Dei fleste veit dette, men ikkje alle. Difor er det greitt med ei påminning, seier Gjerden.

E-postadressa for den som vil sende noko inn til Bykle kommune er postmottak@bykle.kommune.no