Hugs innspel til sti- og løypeplan i Bykle kommune

Bykle kommune har starta arbeidet med revidering av gjeldande sti- og løypeplan. Målet med prosessen er å sikre eit godt og framtidsretta tilbod av stiar og løyper for både fastbuande, hytteeigarar og tilreisande, med omsyn til friluftsliv, naturmangfald og lokal verdiskaping. 


 

Sigrid Bjørgum

For å kunne lage ein god plan er vi avhengige av eit godt kunnskapsgrunnlag. Vi ønskjer derfor innspel frå dykk med forslag til endringar og forbetringar. For å sende inn innspel så kan de nytte digitalt skjema som de finn på heimesida. 

HER KAN DU SENDE INN INNSPEL

Alternativt kan de sende innspel på post@bykle.kommune.no eller brev til Bykle kommune, Sarvsvegen 14, 4754 Bykle. Merk innspelet med 22/99.

Fristen for å kome med innspel er 1. desember.