Hovdestøylen er Miljøfyrtårn!

Fredag kunne Bykle-ordførar Hans Blattmann heidre nok ei lokal verksemd i kommunen som Miljøfyrtårn. Hovdestøylen har no møtte alle krav til sertifisering, og ei stolt Jennifer Sinfield tok imot diplomet.

Jennifer Sinfield fekk prov på at Hovdestøylen no er eit Miljøfyrtårn av Bykle-ordførar Hans Blattmann. - Klikk for stort bileteJennifer Sinfield fekk prov på at Hovdestøylen no er eit Miljøfyrtårn av Bykle-ordførar Hans Blattmann.

Miljøfyrtårn-sertifisering er eit kvalitetsmerke verksemder som satsar på miljø, klima og grøn profil kan oppnå. Det er ei sertifisering som må fornyast, og difor forpliktar utmerkinga. 

Grøne val

Hovdestøylen er no sertifisert innan fleire klassar, både med tanbke på hotell- og restaurant, reinhald og ikkje minst grøne konferansar møter verksemda krava. Med eit eige opplegg der også gjestene kan ta grøne val, heng altså diplomet som stadfestar at Hovdestøylen er eit Miljøfyrtårn no på plass!