Hovden Musikkfest laurdag 4. oktober

Laurdag 4. oktober blir Hovden musikkfest skipa til på Hovden grendehus. Arrangementet er eit samarbeid mellom Bykle kommune og Hovden Musikklubb, ein frivillig organisasjon på Hovden.

Musikkfesten får besøk av Valkyrien Allstars, Yngve Jordalen og Centeroftheuniverse (DJ). Det blir folkemusikk, electronica og rock i ei fin blanding. Dørene opnar klokka 18.00. 

Billettar på ebillett.no/hovden. 

Grendedag

På dagtid blir det skipa til Grendedag på Hovden grendehus. Det er eit tilbod for barnefamiliar i haustferien. Ope frå 11.00-15.00. Det blir konsert, workshops, eventyrstund, kunstverksted og annan moro.