Hovden Hytteservice AS skal byggje Geiskelid-Badstogdalen for 66 mill. kr.

No er det klart at det blir Hovden Hytteservice AS som skal byggje den siste riksveg 9-parsellen i Bykle kommune, Geiskelid-Badstogdalen. Verksemda har fått oppdraget for vel 66 mill. kr.

Hovden Hytteservice AS skal byggje den siste Rv9-parsellen i Bykle kommune, Geiskelid-Badstogdalen, for vel 66 mill. kr. Her frå Nylund mot Ørnefjell. Vidar Johnsen

Fire verksemder hadde lagt inn tilbod på jobben. Lågast var altså den lokale verksemda på Hovden, medan Lindland maskin AS var nest lågast med eit tilbod på knapt 81 mill. kr. På tredjeplass finn ein Nomeland maskin AS med vel 85 mill., og Hirth Himle Entreprenør AS på vel 101 mill.

3,5 km

Arbeidet på Geiskelid-Badstogdalen tar til i haust, og skal vere sluttført om eit års tid. Parsellen er på kring 3,5 km. Vegbreidda blir 7,5 meter. Dette er altså den siste Rv9-parsellen som skal utbetrast i Bykle kommune. Alt som då står att før ein kan sprette champagnekorkane for gul midtstripe frå Kristiansand til Hovden sentrum er Frøysnes i Bygland.