Høgtsvevande i Hovden grendehus!

Torsdag 9. oktober klokka 18 bør alle med interesse for verdsromet og alle gåter knytta til universet innfinne seg i Hovden grendehus! Då blir det nemleg foredrag med astrofysikar Knut Jørgen Røed Ødegaard!

Slik har astrofysikar Knut Jørgen Røed Ødegaard stått i mange år, og speida utover i verdsromet. Torsdag 9. oktober kjem han til Hovden med foredrag om alt det som finst der oppe. Trym Sannes

Nye superteleskop på jorda og oppe i universet er i ferde med å revolusjonere kunnskapen vår om alt det som ein finn over ozonlaget. I haust får me også sjå ein gjest som kjem frå eit heilt anna solsystem! Dette og mykje meir skal den superentusiastiske astrofysikaren ta for seg på Hovden.

Mange tema

Finst det bevis for liv på ein planet utanfor vårt eige solsystem? Blir planet nr. 9 i solsystemet vårt oppdaga i haust? Kunne du kanskje tenke deg å arbeide på Månen eller flytte til Mars? Ødegaard tar for seg romreiser som kan bli ein realitet i løpet av 20 år, svarte hol, ormehol, mystisk mørk materie og mykje, mykje meir. Spennande foredrag på Hovden alstå, med somme av dei verkeleg store spørsmåla på programmet. Foredraget kostar ein hundrelapp, men er gratis for born og unge (også ungdom på skigymnaset) som er busette i kommunen.  Den som vil ha billettar til desse må ta kontakt med kultureininga i Bykle kommune.