Historisk kommunestyremøte i Bykle i morgon - blir videostreama!

For første gong skal eit kommunestyremøte i Bykle streamast med direkte videosending når dei folkevalde samlar seg i Bykle rådhus i morgon torsdag 22. mai klokka 17.

Onsdag 22. mai samlar kommunestyret i Bykle seg i rådhuset. Møtet blir historisk, for første gong skal alt saman videostreamast. Her frå ekstramøtet i kommunestyret tidlegare i mai. Ole Birger Lien

Det er i samband med overgangen til systemet Kaukus at ein no, i tillegg til mange andre nye løysingar som gjeld røysting og anna, også skal overføre møtet ikkje bare med lyd, men også med bilete. 

Orientering før møtet

Før den politiske handsaminga av sakene på sakslista skal Setesdal barnevern ha ei orientering. Av saker som kjem på bordet kan ein nemnde mellom anna prosjektplan Hovden skigymnas, detaljregulering skiløype Geiskelid, forslag til statuttar for Bykle kommune sin innovasjons- og berekraftpris og tildeling av kulturmidlar 2025.

Så kan ein altså både sjå og høyre møtet sjølv om ein ikkje er til stades!

HER ER LENKE TIL STREAMING MED LYD OG BILETE