Hektisk sommar for Kulturpatrulja
Kulturpatrulja i Setesdal kan sjå fram mot ein innhaldsrik sommar med framsyningar rundt om i dalen frå 7.-25. juli.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 02.07.2025 10:02
Sist endra 02.07.2025 10:02

Med første runde på Setesdalsmuseet på Rysstad 7. juli klokka 14, og framsyning ved Bykle gamle kyrkje seinare same dagen, går det slag i slag dei fleste dagane i perioden. Frå Rysstad til Bykle, på Hovden til Evje, Kulturpatrulja viser seg dei fleste stader i sommar! På plakata i dette oppslaget ser ein turnelista, så her er det bare å sette av tid og møte opp!