Hegni sommaren 2025 - sommarjobb for ungdom og sosial møteplass for alle

I sommar er det eining for kultur og fritid som skal drifte Hegni, og det med ungdommen i sentrum! Ved å bruke budsjettmidlane målretta og med omtanke, har Bykle kommune skapt eit sosialt og meiningsfullt sommartilbod for ungdom mellom 8. og 10. trinn. Dette er ei aldersgruppe som ofte har få moglegheiter for sommarjobb lokalt, men no får dei både arbeidserfaring og gode minner for livet.

Framme frå venstre: Vidar Mortensen (Brynjeprosjektet) og Ida Olsen-Sund (Fagleder Ung kultur). Bak frå venstre: Tora Haugsgjerd, Jonas Egeland, Grunde Mundal, Helga Jacobsen (leiar kultur) og Stine Gulowsen(daglig leder Bykle frivilligsentral). Bykle kommune

– Då me lyste ut stillingane i mai, vart me overvelda av interessa, heile 22 ungdommar søkte! Det gjorde oss både stolte og glade. Sidan så mange viste interesse valde me å gje litt arbeid til alle, enn mykje arbeid til nokre få. Slik får fleire ein smakebit på arbeidslivet, og kjenner på både meistring og fellesskap. Det er ikkje berre ein sommarjobb, det er ei oppleving som styrker identitet og tilhøyrsle til bygda vår!, seier Helga Jacobsen, leiar for kultur og fritid i Bykle.

Tiltaket er eit resultat av ei tydeleg prioritering frå kultur og fritid, som har valt å bruke delar av sitt budsjett til å sikre tilbodet – utan at det medfører auka kostnader for kommunen. Lønsmidlar og driftskostnader blir dekka innanfor ramma, og kioskdrift og utleige av aktivitetsutstyr bidreg også med noko inntekt. Prosjektet gjennomførast i samarbeid med Brynjeprosjektet, Ung Kultur og Frivilligsentralen.

 Ein viktig møteplass i sommar

Hegni er meir enn berre ein sommarjobb , det er ein livleg og trygg møteplass for ungdom som er heime i ferien. Her får dei moglegheit til å jobbe, vere sosiale og bidra til eit inkluderande og rusfritt miljø. Ungdommane gjer ein flott innsats som skapar trivsel og aktivitet for både lokale og tilreisande. Det gjer Hegni til ein stad der alle kjenner seg velkomne. Målet vårt er å gi eit godt og hyggeleg sommarminne for store og små.

 Godt i tråd med kommuneplanen

Tiltaket svarar til fleire mål i kommuneplanen: å styrke Hovden som heilårsdestinasjon, å skape møteplassar for innbyggjarane og å prioritere barn og unge. Gjennom deltaking i enkle driftsoppgåver, orden og vedlikehald, får ungdom tidleg erfaring med ansvar, samarbeid og service, ferdigheiter dei vil ha nytte av seinare i livet.

– Dette er førebyggande folkehelse i praksis, og ei investering i dei unge som bur her. Me ser alt kor mykje det betyr for mange å få ein slik sjanse, seier Helga Jacobsen.

Kiosken på Hegni har ope i sommar kvar dag frå 19. juni til 10 august frå kl 12-18 00.