Har fullført masteroppgåve om hytteutbyggjing med Bykle kommune som case

Studenten Selma-Josephine Doksæter har fullført masteroppgåva “Naturvern eller utbygging? Kunnskap om natur og makt i fritidsboligplanlegging” - med Bykle kommune som såkalla casestudie. Doksæter har gått masterstudie i by- og regionplanlegging ved Norges miljø-og biovitenskapelige universitet (NMBU) i Ås - eit universitet Bykle kommune har inngått ein formell samarbeidsavtale med.

Selma-Josephine Doksæter (t.v.) saman med eitt av intervjuobjekta i masteroppgåva hennar, Anne Sæther Lislevand. Signe Sollien Haugå

I sitt arbeid med masteroppgåva har Doksæter intervjua tilsette i kommune som arbeider med planarbeid, og dessutan folkevalde som sit i kommunestyret.  Ho har også delteke på politisk verkstad der kunnskapsgrunnlaget til ny arealdel vart lagt fram og drøfta med dei folkevalde. 

Korleis kunnskap kan nyttast

Hovudformålet med masteroppgåva har vore å undersøke korleis kunnskap om natur og arealbruk kan integrerast i planleggjing og forvaltning av område til fritidsbustader, med særleg vekt på planleggjarar si rolle i å fremje meir miljøvenleg hytteutbygging. Oppgåva er gjennomført med eit kvalitativt casestudie av Bykle kommune, der både intervju, observasjonar frå politisk verkstad og dokumentanalyse ligg til grunn. Doksæter har mellom anna sett på korleis bruken av naturkunnskap har påvirka utforming av planar for lokalisering og utvikling av fritidsbustader, korleis arealrekneskap kan påvirke berekraftig kommunal planleggjing, og korleis planleggjarar nyttar kunnskap og ulike former for makt som ligg i planleggjarrolla til å påvirke beslutningar tilknytta planleggjinga av fritidsbustader.

– Gap mellom intensjonar og praksis

I si oppgåve har Doksæter funne at naturkunnskap i aukande grad inngår i planprosessar, men at ein finn eit betydeleg gap mellom intensjonar og praksis ( i gjeldande arealdel). Kunnskapen er jamnt av meir generell art, og gjev i liten grad konkrete føringar for berekraftig utvikling. Dette og mykje meir spennande om feltet kan ein les meir om i oppgåva - som du finn i lenka under!

 

HER ER LENKE TIL DOKSÆTER SI MASTEROPPGÅVE