Har du noko du vil selge på Bykledagen?

Har du noko du vil selge? Då er kanskje Bykledagen 2025 noko for deg? Der er dei nemleg ute etter lokale kremmarar og andre som kan tenke seg å nytte dagen til livleg handel.


 

Bykledagen 2025 blir skipa til 6. september. Alt no vil arrangørane ha handelsfolk i tale - og har du eit eller anna heimelaga produkt å selge kan dette arrangementet vere midt i blinken for deg! Det er Bykle næringslag som står bak Bykledagen i samarbeid med mellom andre Bykle kommune og lokale aktørar elles.

Avgrensa med plassar

Det er avgrensa med plassar for dei som vil slå av ein handel på Bykledagen - så den som er interessert bør ta kontakt snarast. Staden å melde si interesse er på epost til lina@hovden.com