Har du kandidatar til Bykle kommune sin kulturpris?

Kvart år deler Bykle kommune ut ein kulturpris som skal stimulere kulturlivet i kommunen og gje honnør for spesiell innsats. No nærmar det seg fristen for å sende inn forslag på kandidatar. 

Randi Steinsholt fekk Bykle kommune sin kulturpris i 2022. No nærmar det seg fristen for å levere inn forslag til kandidatar i år. - Klikk for stort bileteRandi Steinsholt fekk Bykle kommune sin kulturpris i 2022. No nærmar det seg fristen for å levere inn forslag til kandidatar i år.

Innan 15. mars må alle forslag ha kome inn, og prosessen med å velje ein mottakar av årets kulturpris går vidare. Prisen må ikkje men kan delast ut kvart år, og både einskildpersonar eller organisasjonar og lag kan vere aktuelle som kandidatar. Einaste kravet er at kandidatane har tilknytning til Bykle kommune.

Formannskapet avgjer

Det er formannskapet i Bykle kommune som til slutt avgjer kven som eventuelt får årets kulturpris. Forslag kan sendast på e-post HIT, og alle forslag må grunngjevast. Viss det blir ein kulturprismottakar i år, blir prisen delt ut 17. mai.