Håpar alle skigåarar betalar frivillig løypebidrag

Torvald Gautland i Hovden løypekøyring gler seg over at mange skigåarar øvst i Setesdal betalar frivillig løypebidrag.

– Det er einaste måten å sikre det flotte løypenettet på, slår han fast.

Det flotte løypenettet i Bykle kommune kostar. Hugs frivillig løypebidrag. - Klikk for stort bileteDet flotte løypenettet i Bykle kommune kostar. Hugs frivillig løypebidrag.

Løypekøyringa i Bykle kommune kostar over fem mill. kr. kvar sesong. Bykle kommune bidrar med fleire millionar.

– Så er det ikkje nok med offentlege midlar, dette er eit spleiselag, minner Gautland om.

850 kr.

Sjølv om det er eit frivillig løypebidrag, så er det sett ein sum på 850 kr. per hytte eller eining.

– For den som ikkje har hytte eller anna men som nyttar seg av løypenettet er summen meir opp til den enkelte. Fleire av hyttevela har bidraget inne som del av kontingenten. Det håpar me endå fleire hyttevel innfører, seier Torvald Gautland.

Den som vil bidra kan gjere det på Vipps på 78203 eller via bankkonto 30003770970