Gult farevarsel for store nedbørsmengder gjennom helga i deler av Agder

Varsom.no har sendt ut gult farevarsel for mykje regn i deler av Agder i helga. Varselet gjeld mellom anna for Bykle, Valle og Sirdal.

Det er varsla at det skal regne jamnt og trutt i desse kommunane dei neste dagane. Enkelte stader er det varsla så mykje som 60-100 mm nedbør bare frå fredag til laurdag kveld.

Auka vassføring

Varsom.no melder at vassføringa kan auke raskt i dei mest utsette områda, og i bekkar og elver kan det beint og greitt renne over. Dette kan også føre med seg erosjonsskadar.

Her er lenke til varsom.no for den som vil fylgje varslingane: linkvelger://4193/