Gravinga i gang for nye Hovden badeland

No har BRG med underleverandør Nomeland maskin AS kome i gang med gravinga der nye Hovden badeland skal stå klart til opning hausten 2025.

I første omgang skal det fjernast mur etter brannen og ikkje minst skal utebassenget som har gjeve så mange badeglede sidan oppstarten i 1990 bort. 

– No er det full rulle framover så ein kan få tett bygg før vinteren, seier dagleg leiar i Hovden badeland, Torvald Gautland.

Unikt anlegg

Som me har skrive om tidlegare blir nye Hovden badeland eit unikt anlegg med symjehall og ikkje minst eit spektakulært basseng beint over skiløypa.

– Hovden badeland opna i 1990, og var eit stort lyft for Hovden som heilårsdestinasjon. Satsinga no er eit nytt, stort lyft. Me har stor tru på at nye Hovden badeland blir attraktivt både for fastbuande, hyttebyklarar og tilreisande elles, seier Gautland.