Gratis rådgjeving for nye gardeigarar i Bykle kommune
Norsk landbruksrådgjeving er klar med såkalla vegvalsrådgjeving for nye gardseigarar i Bykle. Rådgjevinga er gratis for den enkelte gardbrukaren.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 02.06.2025 12:19
Sist endra 02.06.2025 12:19

Vegvalsrådgjeving handlar om å få hjelp i prosessen med å finne ut kva drift ein skal legge opp til på garden, ut frå ressursane ein disponerer med tanke på areal, bygningar og folk.
To treff på garden
I opplegget med vegvalsrådgjeving blir det skipa til to møter på garden, der Norsk landbruksrådgjeving lagar ein rapport i etterkant. Arbeidet krev involvering frå eigar av bruket og eventuell ektefelle/sambuar. Bykle kommune tar kostnadene for gjennomføringa.
HER KAN DU LESE MEIR OM PROSESSEN