Gratis infokveld på Evje om forretningsutviklingsprogram for bønder

Forretningsutviklingsprogrammet Gårdgründerprogrammet skal settast i gang med mogelegheit for deltaking frå bønder her i distriktet, og det blir skipa til gratis informasjonskveld på Evje folkehøgskule tysdag 9. september klokka 18.

Gårdsgründer er eit modulbasert kurs i forretningsutvikling, og skal vere skreddarsydd for den som vil styrke gardsøkonomien, auke innteninga og utvikle lønsame tilleggsnæringar på garden. 

Datoar for Gårdsgründer samlinger:
09. sept kl 18.00-20.00: Infokveld + pris
04. nov kl 14.00-18.00: Idé og produkt
02. des kl 14.00-18.00: Marked og salg
20. jan kl 14.00-18.00: Økonomi og adm

Kurset alt i alt kostar 5200 kr., for målverksemder i Pågang næringshage - men informasjonskurset om Gårdsgründer Setesdal på Evje er altså gratis.

HER KAN DU MELDE DEG PÅ