Gratis bading i symjehallen i Bykle
Onsdagar er det gratis bading i symjehallen i Bykle samfunnshus.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 29.09.2025 12:50
Sist endra 29.09.2025 12:50
Det er bading i symjehallen i Bykle samfunnshus onsdagar.
Ole Birger Lien
Det er familiebading frå klokka 16.30-18, og vaksenbading frå klokka 18-19. Det er badevakt med livredningskurs til stades. Tilbodet er gratis, og det er inga påmelding. Symjinga fylgjer skuleruta 2025.