
Ho strekar under at det finst mange ulike oppgåver ein kan vere aktuell for.
– Me håpar jo at fosterheimsveka skal bli ein liten vekkar for folk som kanskje kan gjere ein innsats, men som ikkje har tenkt på det før. Behovet er stort, og me er ute etter ulike familiar og einskildpersonar som ynskjer å gjere en skilnad for born og unge og som kan gje god omsorg og kjærleik, seier ho.
Krafttak
Alle born har rett på ein trygg barndom prega av omsorg. Så er det diverre ikkje alle born som har det slik. Forsterheimsveka er difor eit krafttak for å rekruttere fleire fosterheimar.
– Akkurat som born er ulike, treng me også ulike variantar av fosterheimar. Mange som blir fosterheim har tenkt på det i mange år, andre går meir rett på. I løpet av fosterheimsveka blir det skipa til ulike arrangement og møter, også digitalt, som kan vere til hjelp for dei som vurderer å gjere ein innsats, seier Schaanning.
Helst i nærmiljøet
Når eit born treng ein ny stad å bu, er det i nærmiljøet ein først leiter. Poenget er at jo mindre oppbrot ei omplassering fører med seg, jo betre er det.
– Å måtte flytte kan jo vere dramatisk nok i seg sjølv. Skal ein i tillegg flytte bort frå skule, vener, fotballag og anna, blir det ei stor ekstrabelastning. Tryggleik og stabilitet er avgjerande. Difor håpar me no at mange som vil vite meir om å vere fosterheim, støttefamilie eller besøksheim tar kontakt, seier Hedda Helene Schaanning i Setesdal barnevern.
Setesdal barnevern når ein via Valle kommune på tlf 37937500.