God interesse for Bykle vaskeri - framleis ledig kapasitet

Nyleg opna Bykle vaskeri, eit samarbeidsprosjekt mellom initiativtakar Bykle kommune, Setpro og NAV. To av fem varig tilrettelagte arbeidsplassar er no tekne.

– No håpar me at endå fleire interesserte tar kontakt. Dei fem arbeidsplassane er heller ikkje heilt låst bare til vaskeriet, men til Bykle kommune, seier prosjektleiar Vidar Mortensen.

Prosjektleiar for Bykle vaskeri, Vidar Mortensen, melder om god interesse men framleis ledige arbeidsplassar. - Klikk for stort bileteProsjektleiar for Bykle vaskeri, Vidar Mortensen, melder om god interesse men framleis ledige arbeidsplassar. Ole Birger Lien

Bykle vaskeri er del av Brynje-prosjektet. Formålet med satsinga er å redusere sosial ulikskap og utanforskap. Bykle vaskeri skal i første omgang ta seg av vasken for Bykle sjukeheim, men etter kvart går det tilbod om vasking ut både til lokalt næringsliv og folk flest. Sjølve Brynje-prosjektet er treårig, og budsjettet er kring tre mill. kr. 

Redusere sosial ulikskap

Bykle vaskeri skal i første omgang ta seg av vasken for Bykle sjukeheim, men etter kvart går det tilbod om vasking ut både til lokalt næringsliv og folk flest.

– I løpet av mars månad bør me få endå fleire inn og på plass. Så er det altså eit poeng at dei fem arbeidsplassane ikkje er låste til vaskeriet heller, men til Bykle kommune. Det kan difor finnast andre løysingar for folk med behov for ein slik arbeidsplass, seier Vidar Mortensen.

Spørsmål om prosjektet kan rettast til Mortensen på e-post HER