God bøsseberar-respons i Bykle - men treng fleire!
Etter at me skreiv om behov for bøsseberarar til TV-aksjonen sundag 19. oktober har ein heil del meldt seg klare til innsats. Det trengst likevel fleire, og interesserte kan registrere seg enkelt via nett!
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 18.09.2025 12:26
Sist endra 18.09.2025 12:26
Leiar i Bykle frivilligsentral, Stine Rambekk Gulowsen, ynskjer seg endå fleire bøsseberarar, og minner om at interesserte kan registrere seg via nett.
Privat
Å vere bøsseberar tar bare eit par timars tid, men betyr veldig mykje for dei ein samlar inn pengar for. I år går innsamlinga til Atlas-alliansen, som arbeider for å gje funksjonshemma i krigs- og fatigdomsråka land betyre tilgang til utdanning, helsetenester, naudhjelp, hjelpemiddel og arbeid - slik at dei sjølv kan bygge betre liv.
Topp fem i Agder i fjor
– Me treng fleire enn i fjor, så det er kjempebra å få respons alt så tidleg! Bykle var på topp fem i Agder i fjor på bøsseinntektene, det er veldig moro! Bøsseberarane står for majoriteten av inntektene: 31%, heile 54 mill. kr vart samla inn i fjor i Noreg. For ein dugnad! seier leiar i Bykle frivilligsentral, Stine Rambekk Gulowsen.
Ved spørsmål kan ein kontakte henne på tlf 91787411.
HER KAN EIN REGISTRERE SEG SOM BØSSEBERAR