Glad jolequizvinnar klar for friske fjellturar!

Astrid Skoge vann Bykle kommune sin jolequiz, og slår fast at premien skal brukast mykje!

Astrid Skoge med premien i Bykle kommune sin jolequiz. - Klikk for stort bileteAstrid Skoge med premien i Bykle kommune sin jolequiz.

25-åringen vart trekt ut blant over 100 som hadde sendt inn rett svar i quizen. Nyleg kom premien, ein dagstursekk og dessutan ein termos, i posten heim til henne i Arendal.

– No er eg klar for mange turar, og eg er veldig nøgd med gevinsten, seier ho.

Over 100 personar kasta seg altså med i jolequizen, så alt tyder på at viss ein ny quiz ser dagens ljos så skal det ikkje mangle på deltakarar!