Gevinsten i Bykle kommune sin påskequiz går til Sarv!

Etter høgtideleg trekning er det klart at Tone H. Lund i Bykle er vinnar av årets påskequiz i Bykle kommune.

Rådgjevar Eivind Ilje Tveit med trekning i påskequizen. - Klikk for stort bileteRådgjevar Eivind Ilje Tveit med trekning i påskequizen. Ole Birger Lien

I Bykle rådhus såg rådgjevar Eivind Ilje Tveit til at trekninga gjekk rett føre seg. Tone H. Lund var ein av meir enn 100 deltakarar som hadde sendt inn rett løysingssetning: “Snart er det vår”.

– Så moro, det var jo ei flott overrasking å få! kjem det frå vinnaren når ho får telefon om resultatet.

Me kjem tilbake med eit bilete av vinnar med premie med det første.