Går du med ein kokk i magen?
Kulturkaféen i Bykle bli skipa til tre gonger om hausten, og tre gonger om våren. Kvar gong skal det vere matsal. Kan du tenke deg å stå for kokkeleringa?
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 25.02.2025 13:01
Sist endra 25.02.2025 13:01
Det er kulturkafé i Bykle samfunnshus onsdag 26. februar.
Ole Birger Lien
Arrangementet er ute etter både gamle og nye kokkar til å ta på seg maten på kulturkaféen.
Den som er interessert kan sende ein epost HIT
Om gamalt og anna
Onsdag 26. februar er det klart for ny runde av kulturkaféen i Bykle samfunnshus. Då kjem Olav Holen og Erling Haugen for å røe om “gamalt og anna” frå Bykle og kringliggjande område. Kafeen er open. Arrangementet tar til klokka 18.