Gang- og sykkelveg frå Bykle sentrum til Storetjønn

Statens vegvesen i samarbeid med Bykle kommune er no i full sving med å byggje gang- og sykkelveg i Byklebakkane frå nedanfor Bykle sentrum og til avkøyrsla mot Storetjønn.

I alt skal det byggjast kring 500 meter ny gang- og sykkelveg. Det er ljosregulering forbi anleggsområdet så lenge det skal sprengast og køyrast bort masse.

– Me blir ferdige med prosjektet i haust, men det kan vere asfalteringa må vente til våren, seier Torgeir Hodne i Statens vegvesen.