Full rulle med Ninjana-dag på Bjørgum gard!
Skuleelevar frå Bykle og Valle samla seg til Ninjana-dag på Bjørgum gard i Hylestad nyleg, og fekk eine opplevinga etter den andre!
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 27.06.2025 09:17
Sist endra 27.06.2025 09:19
Alle foto: Agnes Fosse Hovden
I alt tre bussar med elevar vart skyssa til garden frå 1500-talet, der Mona og Ivan tok imot spente born og unge. Det første dei fekk oppleve var Sigrid Berg i låven. Ho baud på nyskrivne Ninjana-stev i si eiga superhelt-drakt, stakkane! Det vart fin stemning der inne i låven, med skuleelevar som sat som på nåler. Etter innleiinga fekk alle sjå framsyninga “Ninjana og det store skredet” - og stemninga auka endå eit hakk! Spesielt morosamt vart det då publikummarane fekk “grille” lensmannen i stykket under eine pressekonferansen etter den andre.
Delt inn i fire grupper
Etter forestillinga vart elevane delt inn i fire grupper. Dei fekk prøve seg med bunadskokast, folkedans med hallingkast, ninjaspark på Ninjanas treningsdokker, sakkusi junior og senior, og dei fekk prøvesmake Ninjana sin eigen styrkedrikk, Ninjanakraft. Drikken er laga på Bjørgum gard. Etter at alle elevane hadde gått heile runden fekk dei ei cupcake medan dei venta på at bussen skulle frakte dei tilbake til skulen. Ninjana-dagen på Bjørgum er eit pilotprosjekt sett i gang av Ninjana AS og opphavskvinne Karin Moe Hennie.
– Målet er å vidareutvikle dette slik at ein kan ha same dagen også for eit ope publikum, seier ho.
Alt frå Agder fylkeskommune til Valle kommune, Setesdal regionråd, Valle Sparebank, Sølvgarden hotell, Otrabuss, Midt-Agder friluftsråd og Setesdal Spelemannslag har vore med i finansieringa.