Frivilligsentralen med sommaravslutning på Hegni i kveld!

Bykle frivilligsentral skipar til sommaravslutning på Hegni i kveld tysdag 10. juni klokka 18.


 

Leiar i Bykle frivilligsentral, Stine Rambekk Gulowsen, håpar mange blir med på sommaravslutning på Hegni i kveld tysdag 10. juni. Privat

Der skal grillen fyrast opp, og det blir servert kake, kaffi og te. I tillegg til alle turmogelegheitene i området er Jernvinnemuseet ope, og ein kan låne kano eller båt om ein vil ein sveiv på vatnet. 

– No håpar me at mange vil kome og vere med oss denne dagen, seier leiar i frivilligsentralen Stine Rambekk Gulowsen.

Avslutninga er for både frivillige og brukarar av aktivitetane, og ikkje minst dei som vil finne ut meir om alt frivilligsentralen held på med.