Frivilligsentralen med sommaravslutning på Hegni 10. juni

Bykle frivilligsentral skipar til sommaravslutning på Hegni tysdag 10. juni klokka 18.

Frivilligsentralen skipar til sommaravslutning på Hegni tysdag 10. juni klokka 18.

Der skal grillen fyrast opp, og det blir servert kake, kaffi og te. I tillegg til alle turmogelegheitene i området er Jernvinnemuseet ope, og ein kan låne kano eller båt om ein vil ein sveiv på vatnet. 

– No håpar me at mange vil kome og vere med oss denne dagen, seier leiar i frivilligsentralen Stine Rambekk Gulowsen.

Avslutninga er for både frivillige og brukarar av aktivitetane, og ikkje minst dei som vil finne ut meir om alt frivilligsentralen held på med.