Frisk TV-aksjonstur til Hovdenut!

Mange fekk med seg turen til Hovdenut sundag i samband med TV-aksjonen som blir skipa til sundag 20. oktober.

Mange fekk med seg turen til Hovdenut sundag. - Klikk for stort bileteMange fekk med seg turen til Hovdenut sundag. Bykle kommune

Bykle-ordførar Hans Blattmann heldt apell og fylkesaksjonskoordinator i Agder Øyvind Berg var også med og såg til at bodskapen kom godt fram.

Spreke skigymnas-elevar

Elevar frå Hovden skigymnas sprang opp til Hovdenut før turen for å sette ut kakao og boller sponsa av Kiwi. 

– Mange frivillige deltok, og det vart ein kjempetur. Ei stor takk til alle som var med, seier koordinator for TV-aksjonen i Bykle, Merete T. Egeland.

Merete T. Egeland og Thor Bernhard Sagland i TV-aksjonen i Bykle er sers nøgde med sundagens utflukt. - Klikk for stort bileteMerete T. Egeland og Thor Bernhard Sagland i TV-aksjonen i Bykle er sers nøgde med sundagens utflukt.Skigymnaset tok seg av frakt av kakao og boller til Hovdenut. - Klikk for stort bileteSkigymnaset tok seg av frakt av kakao og boller til Hovdenut.