Friluftsliv-elevar på frisk jakttur

På tampen av vinteren fekk elevane som har friluftsliv som valfag ved Bykle barne- og ungdomsskule seg ein strålande jaktdag i flott vinterver.

Frisk skitur i strålande ver! Eivind Andre Moe

Det var rypejakt det skulle handle om - og om jaktutbytet vart heller skralt, var strålande sol frå blå himmel god trøyst. Ein fin skitur med god matpause gjer dei fleste godt - og elevane fekk i alle fall sjå både rypespor og ikkje minst to orrhanar som letta.

Ein god rast gjer alltid godt! Eivind Andre Moe