Friluftskonsert ved dagsturhytta Jarebu i Bykle

Onsdag 23. juli klokka 13 er det duka for friluftskonsert ved dagsturhytta Jarebu i Bykle. Det er saxofonist Harald Lassen som kjem og spelar opp!

I samband med Friluftlivets år 2025 skal Lassen, musikar og Spellemannsprisvinnar, vitje alle dei 25 dagsturhyttene i Agder. Det blir ein heilt akustisk minikonsert i eller ved kvar hytte i perioden 15. -31. juli. Konsertane er gratis og opne for alle som fotar seg til hyttene. 

– Det er eit poeng å aktivisere publikum. Natur og kultur krev noko av oss, men gjev oss endå meir tilbake, seier musikaren.

Røynd musikar

Harald Lassen har vore profesjonell musikar i nær 15 år. Han har gjeve ut fleire album, fått Spellemannspris og samarbeidd med artistar som Arild Andersen og Sondre Lerche. Konsertane blir gjennomført uansett ver - med unnatak av ekstremver. Prosjektet er støtta av Agder fylkeskommune.

Musikar Harald Lassen spelar på 25 dagsturhytter i Agder i juli.