Framskundar St.Hans-feiringa på Hegni til laurdag 21. juni
I morgon laurdag 21. juni er det meldt fint ver, St.Hans måndag 23. juni er det meldt regn - difor blir St.Hans-feiringa på Hegni flutt til i morgon klokka 17 - 20.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 20.06.2025 18:12
Sist endra 20.06.2025 18:12
St.Hans-bålet på Hegni på veg opp! Feiringa på Hovden blir framskunda frå måndag 23. juni til i morgon laurdag 21. juni klokka 17.
Helga Jacobsen
Det blir ein ettermiddag og kveld full av morosame aktivitetar for store og små. Båltenninga skjer klokka 19, kiosken er smekkfull av is, brus og enkel mat og har ope til klokka 20, og sjølvsagt blir grillen fyrt opp!
– Der kan kvar enkelt ta med seg det ein vil ete, så er det bare på grillen med det, seier leiar kultur og fritid i Bykle kommune, Helga Jacobsen.
Bidra til bålet?
Den som vil, kan bidra til bålet! Det ligg ein pall klar på Hegni, der kan ein legge reint, ubehandla treverk.
– No håpar me at mange kjem og blir med, dette blir ein flott samankomst for store og små, lokkar Helga Jacobsen.