Framleis behov for bøsseberarar i Bykle kommune
Det trengst fleire bøsseberarar til TV-aksjonen sundag 19. oktober, og interesserte kan registrere seg enkelt via nett! Det trengst frivillige både i Bykle og på Hovden.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 13.10.2025 09:13
Sist endra 13.10.2025 09:13
Leiar i Bykle frivilligsentral, Stine Rambekk Gulowsen, ynskjer seg endå fleire bøsseberarar, og minner om at interesserte kan registrere seg via nett.
Privat
Å vere bøsseberar tar bare eit par timars tid, men betyr veldig mykje for dei ein samlar inn pengar for. I år går innsamlinga til Atlas-alliansen, som arbeider for å gje funksjonshemma i krigs- og fatigdomsråka land betre tilgang til utdanning, helsetenester, naudhjelp, hjelpemiddel og arbeid - slik at dei sjølv kan bygge betre liv.
Kontakt leiar i Bykle frivilligsentral, Stine Rambekk Gulowsen, om du har spørsmål: tlf 91787411.
HER KAN DU REGISTRERE DEG