Framleis att SMIL-midlar i Bykle

Bykle kommune har framleis att kring 100.000 kr. i såkalla SMIL-midlar, tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket.

Det er framleis SMIL-midlar i Bykle kommune. - Klikk for stort bileteDet er framleis SMIL-midlar i Bykle kommune. Sigrid Bjørgum

Ordninga er for aktive bønder, og tilskot kan brukast til alt frå å bevare kulturminne til å halde i hevd kulturlandskap.

– Skulle det vere spørsmål må ein bare vende seg til kommunen. Eige søknadsskjema finn ein via Altinn, seier Sigrid Bjørgum i Bykle kommune.