Frå Rygnestadtunet til skular i Bykle kommunestyre

Under kommunestyremøtet i Bykle kommune sist veke kom dei folkevalde inn på alt frå Rygnestadtunet til skular og ikkje minst trafikksikring og miljøtiltak i Hovden sentrum.

Folkevalde under kommunestyremøtet i Bykle sist veke.  - Klikk for stort bileteFolkevalde under kommunestyremøtet i Bykle sist veke. Eivind Ilje Tveit

Til det siste først. I det endelege vedtaket heiter det at det i reguleringsplanen skal med mellom anna avgrensing av parkeringsareal framom Hovdetun og langsiktig kanalisering av trafikk med omleggjing av riksveg 9 utanom sentrum. No skal ein arbeide for å få omkøyringsveg for Rv9 inn i handlingsprogrammet for riksvegar/NTP. I kryssingspunktet Skulevegen-Skisentervegen skal ulike sikringstiltak gjennomførast, og det skal etablerast heis til parkeringshus ved Hovdetun. Det blir fleire trafikksikringstiltak for mjuke trafikantar, og torvplass mellom Skisenterveg-Hovdetun skal rustast opp. 

Hovudhus og lopt

Kommunestyret gjekk også inn for å løyve 50.000 kr. som skal inn i ei rerstaureringspakke for Rygnestadtunet i Valle. Mange aktørar er inne i prosjektet, og dei folkevalde sa altså ja til at også Bykle kommune skal bidra. Bakgrunnen for prosjektet er ei undersøking som vart gjennomført i 2017, og som viste eit stort behov for oppgradering og restaurering. Det har mellom anna blitt varsla om “store strukturelle problem og råteskadar” i hovudbygninga og trihøgeloptet. Det er difor hovudhuset og trihøgeloptet på Rygnestadtunet ein skal bruke pengane på. Agder fylkeskommune er inne med 850.000 kr., UNI-stiftelsen 250.000 kr., Valle kommune 100.000 kr. og Bygland kommune 50.000 kr. Med eigeninnsats blir totalen i satsinga 1,5 mill. kr.

Nærskuleprinsippet

Kommunestyret drøfta også ei avklaring for Bykle kommune og nærskuleprinsippet. I vedtaket går det fram at i Bykle kommune gjeld retten til å gå på den skulen som ligg nærast eller ved den skulen i nærmiljøet ein soknar til innan kommunen. Bykle kommune etablerer ikkje ei generell ordning for skyss til skulefritidsordninga.