Frå "Mina og meg" på TV2 til soknehuset på Rysstad

Med arrangementet “It takes a Village” skal det handle om born og oppvekstvilkår i soknehuset på Rysstad laurdag 15. november klokka 09-14. Tilskipinga er ei vidareføring av det ein kalla foreldrefestivalen i fjor. Ein av bidragsytarane er Alexander Read - kjend mellom anna frå serien “Mina og meg” på TV2.

Alexander Read kjem til soknehuset på Rysstad 15. november. Athenas AS

Mange fekk nok med seg forteljinga om Alexander og dottera Mina som tok til i 2021, då dei la i veg på ulike ekspedisjonar, mellom anna over Finnmarksvidda. Etter kvart kom seriar også med resten av familien - og ein av fleire raude trådar i opplegget var samspelet med born ute i naturen, kommunikasjon og tryggleik. No kjem altså Read til “It takes a Village” i soknehuset på Rysstad 15. november. Med bakgrunn i ekspedisjonar, naturterapi og formidling viser Alexander Read korleis naturen kan brukast som verktøy for å bygge livsrobustheit, styrke relasjonar og utvikle indre styrke. Praktiske erfaringar og historier frå turar gir konkrete verktøy for familieliv og folkehelse.

Folkehelse

Før Alexander Read slepp til i soknehuset tar Karianne Amlie Wahlstrøm for seg “Små handlingar - store forskjellar”. Ho er til dagleg lærar, og har vidareutdanning i motiverande intervju, mental trening og positiv psykologi. Ho har vore med i både “Farmen” og “Torpet”, og bruker det ho kan til å ta for seg gruppeprosessar, motstand og korleis me kan skape god kultur saman. Etter Wahlstrøm kjem folkehelsedirektør Vegard Nilsen for å greie ut om det som legg til rette for god utvikling. Svevn, kosthald, relasjonar og sosiale ferdigheiter - kva legg me vekt på? Kva går under radaren?

Kva betyr “It takes a Village”?

Uttrykket «It takes a village to raise a child» betyr at det trengst eit heilt samfunn eller eit fellesskap for å oppdra eit barn på ein god måte. I dag blir uttrykket jamnt nytta for å streke under at barn treng meir enn bare foreldra sine; dei treng også støtte og rådgjeving frå eit breidare nettverk som naboar, lærarar og andre voksne. Uttrykket har opphav i Afrika.

Meir om It takes a Village kan du lese HER