Frå Lundane til levekårsutvalet på kommunestyremøtet i Bykle

Fleirtalet i kommunestyret i Bykle gjekk sist veke inn for å seie ja til kommunedirektørens tilråding om å vedta detaljregulering for Lundane med tilhøyrande reguleringsføresegner.

Kommunestyret i Bykle samla seg sist veke. Her frå møtet i mai. Ole Birger Lien

Under møtet vart også evalueringa av levekårsutvalet drøfta. Dei folkevalde vedtok at utvalet blir avslutta som hovudutval 30.6.2025 - men held fram som levekårsråd ut denne kommunestyreperioden med same medlemmer som tidlegare hovudutval. 

– Rådet skal brukast som sparringspartnar og politisk råd for administrasjonen i spørsmål som gjeld levekår-, oppvekst- og kulturområdet, heiter det i vedtaket. 

Også ungdomslokale på Hovden vart evaluert. Alle i kommunestyret slutta seg til kommunedirektøren si tilråding om å avvikle leigeavtale for Otravegen 2-6, men at kommunen dekker husleige, straum, telefon og nettleige for ungdomslokale ut september 2025 med inntil 30.000 kr. 

Godtok grovsiling

I arbeidet med ny arealdel i kommuneplanen sa kommunestyret ja til grovsilinga av dei innspela som har kome, med visse retningsliner. Når det galdt områderegulering for Hegni sa eit fleirtal at saka skal tilbake til administrasjonen, skal på høyring i ungdomsråd og til barn og unges representant og råd for personar med nedsett funksjonsevne. Innspela frå desse skal med som høyring. Under møtet sa kommunestyret også ja til ein samarbeidsavtale mellom Bykle kommune og Norges miljø- og biovitenskaplige universitet (NMBU).

HER er protokollen frå møtet.