Frå levekårsutval til innkjøpsreglement i kommunestyremøtet
Levekårsutvalet i Bykle kommune blir ikkje lagt ned. Det vedtok fleirtalet i kommunestyret sist veke.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 01.09.2025 09:59
Sist endra 01.09.2025 09:59
Frå kommunestyremøtet i Bykle sist veke.
Ole Birger Lien
I vedtaket heiter det at ein framleis skal ha levekårsutval, og dei medlemmene som sit der i dag blir verande. Utvalet skal ha møteverksemd som står i høve talet saker som blir fremja frå utvalet sjølv og administrasjonen. Levekårsutvalet er ikkje eit hovudutval. Administrasjonen kjem tilbake med nytt reglement og delegasjon som skal gjelde for utvalet.
Strategiar
Planstrategi for Bykle kommune 2025-2028 vart samrøystes vedteke under møtet. Utkast til strategisk næringsplan skal ut på høyring. I samband med prosessen blir det lagt opp til to grendemøter, eitt på Hovden og eitt i Bykle. Også ein søknad om næringstilskot kom på bordet. Bykle kommune løyver 25% av kostnader til marknadsføring og opplæring av personell med inntil vel ein mill. kr. til Elevate AS - som skal satse på elektriske anleggsmaskinar for heile Noreg og Norden. I vedtaket kjem det fram at kommunen kan krevje pengane tilbake viss verksemda byter adresse ut av kommunen innan fem år.